Etablererkurset 2016 har hatt 18 deltakarar, og vart avslutta 30.03. Deltakarane er svært fornøgde med kurset.
Fleire av deltakarane gjev uttrykk for det same: «Kurset har vore viktig for å gjere meg trygg på at eg kan starte opp med det eg har tenkt»
Lokalavisa, Hallingdølen, var med siste kvelden av etablererkurs. Mange nye kanaler for markedsføring, gjer det mogeleg å bruke ulike media for å nå ut til «kunden». Lokalavisa når ut til mange, og den blir lese. Sjølv om mange tek i bruk i nye medier, som for eksempel Facebook i markedsføring, må ein tenkje på om ein då når ut til dei ein ynskjer.
Utgangspunktet for Hallingdølen er at om det går bra med Hallingdal, går det bra med Hallingdølen. Dei ynskjer difor å gje nyetablerte ei «grunderpakke» der bedrifter kan få råd og hjelp til utforming frå annonsekonsulent og grafiker, og gratis annonse i papiravis og på nett.
Innovasjon Norge var med og presenterte metoder for ide- og forretningsutvikling. LEAN-metoden vart presentert, og design som del av bedriftsutvikling. Innovasjon Norge har og etablerertilskot, som nyetablerte kan søkje om.