lydfarge.noLydfargemetoden er brukt i alle skulane i Ål kommune i 1,5 år. For Maaike Visser er det spennande å få tilbakemeldingar på erfaringane med metoden, og i desse dagar pågår ei evaluering frå både læarar og elevar.

I april var etablerersenteret med Maaike Visser, i møte med ein engasjert statssekretær, Elisabeth Dahle, i Undervisningsdepartementet. Ho viste stor interesse for Lydfargemetoden, og oppfordra til vidare kontakt med utdanningsinstitusjonar, for å få metoden inn som ein del av opplæringa og etterutdanninga av lærarar.