Det kjem fram i ei undersøking gjort av Kunnadi AS på oppdrag frå Hallingdal Etablerersenter hausten 2012. Heile 93 % av verksemdene er i drift etter to år. Verksemdene har som mål å doble omsetninga etter to år. Brukerane er i stor grad nøgd med tenestene og veiledninga som etablerersenteret gjev.
Hallingdal Etablerersenter får gode tilbakemeldingar på tilgjengelighet, lokal kunnskap og kompetanse, og som støttespelar i oppstartfasen. Personleg veiledning er det tenestetilbodet flest har nytta seg av, og som dei vil nytte seg av i framtida.